Vil nå unge med evangeliet på nett Hovedsak

 

Med korte, profesjonelle videoar på sosiale medium vil Tro & Medier nå yngre målgrupper med evangeliet på nett.

Dei siste åra har Tro & Medier fått god respons på nettkursa sine retta mot folk i alderen 40 pluss og 60 pluss. På omGud.net har dei mellom anna brukt videoserien «Velkommen hjem» med Egil Svartdahl og «Veien» med Johnn Hardang for å formidla trua.

– No ønsker vi å fokusera på ei yngre målgruppe på 18 pluss og nå denne generasjonen med evangeliet. Vi ønsker å bruka sosiale medium og ulike plattformer, seier leiar for omGud.net, Kjetil Fyllingen, til Kristeleg Pressekontor.

Tro & Medier har tilsett Daniel Sæbjørnsen i ei deltidstilling for å jobba spesielt med denne målgruppa. Han trekker mellom anna fram NRK-serien Skam som eit forbilde i korleis ein kan nå ungdommen på nett.

– Skam vart populært mykje takka vera ein induktiv tilnærming der ein er der ungdommane er, lyttar til dei og skaper gjenkjenning. Vi må ta utgangspunkt i dei unges opplevde behov og derfrå leia dei inn til evangeliet, seier Sæbjørnsen, som også skal jobba som kyrkjelydsplantar og forkynnar ved sida av jobben i omGud.net.

Video tok av

Sæbjørnsen er ikkje uerfaren når det gjeld å kommunisera på nett. Ein video han laga saman med Mathias Haughom i vinter er vist over 36 000 gonger på Facebook og delt nesten 400 gonger.

– Videoen tok av meir enn vi hadde sett for oss. Det gjorde at eg fekk auga opp for at det her finst moglegheiter for å nå menneske i Noreg og at vi treng å komma på banen, seier 26-åringen til KPK.

Det var òg denne videoen som gjorde at Tro & Medier fekk auga opp for den unge forkynnaren.

– Daniel er ein ekstremt dugeleg og relativt ung kommunikator. Vi fann ut det var ein god klaff mellom det han ønsker å jobba med og det vi prøver å få til, seier Fyllingen.

Avhengig av at kristne delar

I første omgang ønsker Sæbjørnsen å produsera fleire korte videoar som kan treffa målgruppa han skal jobba med. Den store utfordringa blir å nå ut til andre enn berre dei kristne.

– Det er nok uunngåeleg at videoane i byrjinga særleg vil ha ein appell for ungdommar som alt er truande, men det fantastiske med sosiale medium er at når nokon liker eller deler så vekkjer det nysgjerrigheit. Vi er avhengige av at det har ein katalyserande effekt at kristne ungdommar liker og deler med nettverka sine av skulekameratar og -venninner, seier han.

Sæbjørnsen er opptatt av at videoane skal presenterast profesjonelt og ta ungdommen på alvor.

– Vi vil tenna eit håp i dei som dei ikkje finn andre stader, først og fremst gjennom sosiale medium. Deretter vil vi skapa nettkurs som kan ta dei meir i djupna og leia dei vidare i ein prosess frå søkande og nysgjerrige til å bli disiplar, seier han.

Fyllingen stadfestar det finst mykje bra stoff for denne målgruppa på nett allereie, men meiner det meste er retta mot ungdom som allereie er ein del av ein kristen samanheng.

– Vi ønsker å laga noko som kan treffa dei som ikkje trur endå. Kanskje vi om eit år kan sjå ein godt etablert Insta- eller Snapchat-pastor, seier han. KPK.

kommentarer