Ny sjefredaktør ansatt i Vårt Land Samfunn
Bjørn Kristoffer Bore (49) er tilsett som ny sjefredaktør i avisa Vårt Land.

 

Det skriv Vårt Land i ei pressemelding.

Bjørn Kristoffer Bore (49) kjem frå stillinga som redaksjonssjef i Dagbladet Pluss og konstituert magasinredaktør i Dagbladet og tek over etter Åshild Mathisen, som den 23. mars gjekk av med umiddelbar verknad. Sidan då har religion- og debattredaktør Alf Gjøsund har vore konstituert i stillinga.

Son av redaktør i Vårt Land

Bore har hatt ulike roller i Dagbladet dei siste 20 åra.

– Bore har tung redaksjonell røynsle, og har vore sentral i større omstillingsprosessar og digitaliseringsarbeid, derunder arbeidet med Dagbladets suksess på digital abonnementsmodell. Vi meiner Bore har dei beste føresetnadene for å leia Vårt Land gjennom ei tid med store endringar og høve, seier Per Magne Tveiten, styreleiar i Vårt Land, ifølgje meldinga.

Bjørn Kristoffer Bore sin far er Thor Bjarne Bore som var sjefredaktør i Vårt Land frå 1974 til 1983, og seinare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

Artikkel fortsetter under bildet. 

FARS SON: Bjørn Kristoffer Bore sin far er Thor Bjarne Bore som var sjefredaktør i Vårt Land frå 1974 til 1983, og seinare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad. Pressefoto: Adrian Nilsen / Vårt Land

«Heilt spesielt oppdrag»

Ifølgje pressemeldinga kjem Bjørn Kristoffer Bore til å fokusera på vekst for Vårt Land.

– Avisa har ein redaksjon som er den aller beste på sitt felt i Noreg. Vårt Land har eit stort vekstpotensial, spesielt på det digitale området. Vårt Land er ei unik avis med eit heilt spesielt oppdrag. Avisa er limet i Kristen-Noreg, og er ei viktig avis på tvers av verdimessige og politiske skiljelinjer, seier Bore.

Tiltredingstidspunkt for Bjørn Kristoffer Bore er endå ikkje klard, men det vert i løpet av fyrste halvår 2019, skriv Vårt Land i pressemeldinga. KPK

 

kommentarer