Livet rasa saman for filmskaparen Reportasjen
Sonen fekk leukemi. Ekteskapet gjekk i oppløysing. Så fekk 
regissøren Ingrid Ese Folkestad eit telefonnummer frå systera.

 

Tekst og foto: Halldis Bjerkvik Volle

– Det var jammen på tide! No har eg bedt for deg i 30 år, svarte eldste systera til Ingrid Ese Folkestad (54) då ho fortalte at ho hadde blitt kristen.

No brukar Ingrid og systera mykje tid på å be saman.

Den viktige nabodama

– Viss eg kan bli kristen, så opprørsk som eg var, så kan alle bli det, seier Ingrid. Ho sit i ein olivengrøn stol på kontoret til Filmmakeriet, med levande lys på bordet og serverer heimelaga ingefærte og jordbær.

Kontoret som ho og mannen deler ligg i eit ærverdig bygg midt i Lillehammer sentrum. I trappeoppgangen er det mørkeraudt golvteppe og på veggane heng det filmplakatar. Lokalet oser av gode historier og kreativitet.

Eg sat på kne og ba, sjølv om eg ikkje kalla meg kristen.

Som dotter av rektoren på ungdomsskulen i Balestrand var det derimot ikkje alltid like stort rom for kreativitet. Ho vart oppdratt til å vere lydig og gjere det som var riktig.

– Foreldra mine gjekk til kyrkje i høgtidene, men eg vaks ikkje opp i ein kristen heim. Nabodama vår var kristen og det var heilt spesielt for meg å vere der. Det var den beste plassen eg visste om. Eg var der mykje og ho spelte piano saman med meg. Ho såg meg, fortel Ingrid og smiler.

På gymnaset hadde ho litt kontakt med kristne, ho song i eit kor og kjente ei dragning mot Jesus. Likevel takka ho nei til alle invitasjonane om å bli med på møte.

– Det er nesten sårt no, med tanke på slik livet…

  • Les hele intervjuet. Kjøp eAvis her.
  • Ønsker du å abonnere på vår papirutgave? Bestill Korsets Seier her.

 

kommentarer