Feil fokus

"Men eg heldt på å snåva, mine føter hadde nær glide ut. For eg vart  harm på dei hovmodige,då eg såg at det gjekk dei gudlause vel." Salme 73,2-3

Er det nokon som kjenner seg att?

Å, kor mange gongar eg har sett på dei ikkje-kristne og tenkt at det

ser jammen ut som dei har det bra, kvifor skal eg bry meg med

kristendommen, eller kvifor skal eg bry dei med den?

Det kan vere lett å tenkje slik, men det er svært kortsiktig tankegong.

Javisst kan dei ha det godt her i verda, dei kan til tider ha det bedre

enn oss som vedkjenner oss Jesus, men vi må ta lærdom av Asaf i Salme  73. Han tenkte etter ein gong til, gjekk inn i heilagdommen, som det  står i vers 17, då såg han korleis det gjekk dei til slutt.

"Så lenge eg var beisk i hugen, og kjende at det stakk i hjarta, var eg

dum og uvitug"  v.21

"Men for meg er det godt å vera nær Gud. Eg tek mi tilflukt til Herren"

v.28

Missunning har aldri ført noko godt med seg, det vert ramma av bodet om  ikkje å trå etter noko som høyrer nesten til. Og så veit vi då at det

hjelper ingenting om vi vinn heile verda, om vi taper vår sjel.

Det gjeld å fokusere rett.