Ordførar med Gud på laget Samfunn
– Eg legg ikkje att den kristne trua mi når eg går inn døra til rådhuset, seier ordførar Harry Valderhaug.

 

Skrevet av Hjørdis Almelid Vikenes.

ØYRIKE: Giske er en øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, like nord og vest for Ålesund og vest for Haram kommune.

Harry Valderhaug (50) frå Giske utanfor Ålesund har vore lokalpolitikar sidan 1995. I fjor haust vart han valt til ordførar i heimkommunen.

Med bakgrunn i frå formannskap, andre politiske verv og gruppeleiar i Giske KrF, har han lang erfaring med politiske samhandlingar.

– Det er noko heilt anna å vere heiltidspolitikar og ordførar enn å ha politikk som tilleggsverv til andre jobbar, seier den tidligare administrasjonsrådgjevaren i Sunnmøre Indremisjon.

SUNNMØRE: Ampert mellom kristne redaktører.

Kristentru på jobb

Det er ein kald januarlaurdag med solraudt skjer i «havranda» at KPK sin utsendte journalist møter ordføraren på rådhuset på Valderøya.

I første etasje har ordføraren kontor, slik at det er lett for alle å kunne stikke innom kontordøra hans. Han overtok ordførarvervet etter partikollega Knut Støbakk som var ordførar i 12 år. Rådhuset ligg plassert like ved Giskehallen, barnehagen og nedanfor bedehuset og kyrkja. Utsikta er fantastisk i alle retningar, der fjell og sjø omgjev øykommunen.

– Eg er politikar med heile meg og legg ikkje att den kristne trua mi når eg går inn døra til rådhuset for å seie det slik. For meg er det heilt naturleg at det eg trur på, formar alle engasjementa mine. Eg ønskjer å vere eit heilt menneske anten eg arbeider som politikarar eller har andre jobbar, seier ordføraren.

Han har vore leiar i den kommunale byggjenemnda i Giske og dei siste åra har kommunen investert betydelege summar i nytt omsorgssenter og ein ny skule, samt rusta opp fleire skular og omsorgsbustader.

Giske kommune er i dag ein kommune som har positive tilflyttartal og er ein av dei kommunane som veks mest i folketal i landet sett ut i frå storleiken.

Eg tek med meg trua mi i møte med menneska eg møter

Harry Valderhaug - ordfører i Giske utenfor Ålesund

Kristenliv i praksis

Harry Valderhaug er sjølv godt vant med å vere frivillig medarbeidar i ulike samanhengar.

Han har vore engasjert medlem i Valderøy Indremisjon og litt som fritidsforkynnar for Sunnmøre Indremisjon (SI) i fleire år, før han i fjor forlet sitt eige rådgjevingsfirma etter 20 års drift og vart tilsett i 50 prosent stilling i administrasjonen i SI og 50 prosent stilling i Møre Forsikring AS, eit firma han er medeigar i.

– Viss det ikkje hadde vorte fulltidsarbeid for meg som ordførar, kunne det anten ha vorte fulltidsarbeid i misjonen, eller 100 prosent tilbake til rådgjeving. Om det er noko eg tek med meg inn i ordførarjobben frå erfaringane mine som misjonsmann, er det at eg tek med meg trua mi i møte med menneska eg møter.

– Eg har veldig tru for å «gjere arbeidet sitt med hjarta for Herren», sjølv om det er utfordrande å gjere det. Å vere kristen vil seie å tenkje over korleis ein lever det kristne livet i praksis. Ein kan ikkje leggje att trua si, det er ein integrert del av den vi er, og ein del av heilskapen vår.

PORTRETT AV LISTHAUG: For og imot.

Kristne verdiar

Å vere ordførar for vel 8.000 innbyggjarar i Giske medfører både gledelege dagar og meir alvorstyngde dagar. I samspel med andre politikarar og dei tilsette i kommunen gler Harry Valderhaug seg over det positive øyfolket klarer å skape i god samhandling.

Han viser til dei norske lovene vi har er tufta på kristne verdiar. Folk i dag skjønnar ikkje nødvendigvis dei «gamle» kristne verdiane. Diakoni – noko som har følgt kristendomen heile vegen – er ofte framand for mange.

–  Er Noreg eit kristent land? Dette er eit sjølvransakande spørsmål. Vi som er kristne må utøve trua mellom anna med diakoni i møte med folk slik at samtida forstår kva kristne verdiar er. Her føler eg sjølv at eg har mykje å gå på, mellom anna når det gjelde tidsbruk og dette å gjere noko for andre, seier Harry Valderhaug. KPK

 

kommentarer