– Haugekvinnene var avgjørende Kristenliv
Over 300 personar deltok på Hauge-seminar i Herøy forfatter Edvard Hoem holdt foredrag. 

 

Skrevet av Ingunn Marie Ruud. 

Fredag 14. oktober deltok over 300 personar på det sjuande Hauge-seminaret i Herøy. Foredragshaldarar var forfattar Edvard Hoem og Linda Helén Haukland frå Nord universitet i Bodø.

Forfattar Edvard Hoem hadde temaet Hauges kvinnesyn – Hauges predikantinner.

– Tidlegare har eg skrive om Hauge i skjønnlitteraturen. I Nasjonalbiblioteket fann eg skrifter om den haugianske perioden skrive av Finn Wiig Sjursen. Han har gravd fram ein skjult del av historia, for tidlegare har det vorte framstilt slik at Hauge ikkje likestilte kjønna.

– Haugekvinnene er ei heilt avgjerande del av denne store folkerørsla. Hauge var heilt klar på dette at kvinnene var like mykje verdt som mennene, sa Hoem.

BYGDA som er full av pinsevenner. 

Tok livet av myta

Linda Helen Haukland snakka om den haugianske feminismen og ho trekte fram mange delar av livshistoria til Hauge.

– Det er ei vanleg myte at Hauge var ein knekt mann etter fengselsåra, men ho tek vi livet av med ein gong. Han vart ein nasjonal leiar som folket følgde, ein «folkekyrkja» sin preses, sa Haukland.

Ho meiner det unike med Hauge var at han fremja bøndene sine lese- og skrivedugleikar og at han mobiliserte kvinner. Bøkene hans er fulle av norgvaismer, slik at tekstane hans var lettare å forstå enn andre skrifter som var skrivne på dansk.

– Ergo fekk han tekstane ut på ein ny og meir forståeleg måte. Han opplevde å få kallet sitt frå Gud, og dette oppdraget gjorde at kjønnsdimensjonen bleikna. I arbeidet med å spreie evangeliet og kjempe mot fattigdomen samarbeidde alle, og arbeidsoppgåvene vart fordelte uavhengig av kjønn, men etter funksjonar. Han hadde eit moderne kvinnesyn, forklarte Linda Helén Haukland.

Dagens leiarar har mykje å lære av Hauge.

Lydhøyr forsamling

Foredragshaldarar opplevde ei lydhøyr forsamling. Tidlegare bedriftsleiar for Brænne Mineralvatn og næringsutviklar Martin Brænne frå Folkestad har vore på fleire av Haugeseminara.

– Eg kjem frå lekmannsslekt og kjenner til utfordringane ved å stå for meiningane sine i det etablerte veldet. Eg meiner at Hauge si lekmannsrørsle har vore nyttig for landet vårt. Hans Nielsen Hauge var oppteken av å skape verdiar, heller enn å utnytte verdiane, seier han.

– Dette med at bedriftseigarane ser verdien av å pløye overskotet tilbake til fellesskapen og medarbeidarane sine trur eg er den viktigaste arven vi har etter han. Å vere nøysam har røter attende til lekmannssamfunnet, og eg trur at Hauge var katalysatoren for dette. Dagens leiarar har mykje å lære av Hauge, sa Martin Brænne.

Artikkelen fortsetter under bildet.

 

– Dagens leiarar har mykje å lære av Hauge

INTERESSANT: Per Sævik (t.v.), Linda Helén Haukland og Hilde og Martin Brænne syntest det var interessant å delta på Haugeseminar i Herøy. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes. 

Lyssette noregshistoria

Per-Arne Lillebø leia årets Haugeseminar. Han er mest imponert over at Hauge var ein ung mann og at han følgde kallet han fekk av Gud og reiste rundt i Noreg. Anne-Marthe Lillebø og Runde blandakor under leiing av dirigent Kaja Runde sytte for song og musikk.

Linda Helén Haukland meiner at det er viktig å løfte fram Hauge gjennom årlege seminar, og ho rosar den lokale nemda ved Per-Arne Lillebø, Per Sævik, Olaus Jon Kopperstad og Roger Kvalsvik som har gjort det i sju år no.

Per Sævik avrunda kvelden og takka alle bidragsytarane. Han syntest det var flott at Berte Kanutte Aarflot frå Ørsta vart trekt fram som ei av haugekvinnene.

– Alle kvinner kan gå inn i alle stillingar med frimot, sa Sævik. KPK

 

kommentarer